Dei som stemmer bestemmer!
Posted in Uncategorized on august 26th, 2009 by Studentparlamentet – 219 CommentsSjølv om det var eit fåtal som hadde fått undervisningsfri, møtte godt og vel hundre interesserte studentar opp til politisk debatt i Festsalen i går. Etter at rektor Eli Bergsvik hadde ønskt velkomen, innleia debattleiar Christian Haaland innleia med å seie at det blir ein verdikamp. Alle partia fekk fyrst tre minutt til å fortella oss kvifor vi som studentar skal stemme på dei. Etter på diskuterte ein 11 månadars studiestønad, kollektivrabatt, studentboligar og om ein skal ha høgskular i distrikta.
Eivind Nævdal-Bolstad frå Høgre meinte at regjeringa ikkje hadde bygd nok studentboligar.- Dersom byrådet i Bergen vil gje oss tomter, skal eg enda byggje studentboliger, uttalte Gina Barstad frå SV. Målet er ein dekningsgrad på 20%, i dag er det rundt 13% for Bergen sin del.
Ei av SP HiB sine kampsakar i mange år har vore kollektivrabatt til alle studentar, det er pr i dag det kun dei under 30 som får slik rabatt i Hordaland. Mari Eifring frå Raudt kunne fortelle at dei i sitt program seier at dei vil ha 50% rabatt for alle studentar, uansett alder. Så gjenstår det å sjå om dei klarer å få med seg andre parti på dette. Venstre prata óg varmt om kollektivrabatt. Runar Mæland trakk fram at Venstre ønskjer kollektivrabatt over fylkesgrensene.
Alle var einige om at det var viktigare med god kvalitet enn at alle høgskulane blei universitet. Alle partia – forutan om FrP – vil ha 11 mnds studiestøtte. FrP ønskjer på si side å gje meir støtte ved høgare studiepoengproduksjon, samt at dei ønskjer at alle bankar skal kunne få ein statsgaranti slik at studentar kan søkje studielån hjå dei.
Studentparlamentet er veldig nøgde med at vi fekk ein så god debatt, og at så mange sette av eit par timar for å høyre kva politikarane hadde å seie om høgare utdanning. Det einaste vi er litt skuffa over er at vi feilvurderte dette med kor engasjerte HiB-studentane er, for vi hadde bestilt for lite mat. Vi lovar at neste gong skal ALLE få mat! Og hugs å stemme, anten du skal førehandsstemme eller stemme på valdagen!
Lurer du på noko angåande valet? Det kan hende du finn svaret her: